Å Energi åtvarar mot usikker is
Å Energi minner no om at det på regulerte vatn kan vere usikker is, trass i at det har vore kaldt lenge.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 12.02.2026 14:34
Sist endra 12.02.2026 14:34
Å Energi
Sjølv om isen ligg tykk på mange vatn kan det vere sprekkar langs land på grunn av regulering av vasstanden. Det er utrygt langs kantane, ved bekkeos og inntak/utløp til dammar og kraftstasjonar.
– Ver forsiktige!
Skigåarar og andre som ferdast på slike vatn, blir difor oppmoda om å vere sers forsiktige. I tillegg blir isbadarar åtvara om å bade i open råker - då råkene kan ha oppstått som fylgje av farlege straumningar i vatnet.
Her kan ein lese meir