Å Energi åtvarar om usikker is
I inngangen til påskehøgtida kjem Å Energi med ei åtvaring om usikker is - og ei oppmoding om at alle som skal ferdast i fjell og hei må vere forsiktige!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 26.03.2026 12:33
Sist endra 26.03.2026 12:33
Å Energi
Det er først og fremst isen på regulerte vatn Å Energi åtvarar om. Prinsippet gjeld likevel også på annan is. Med mildver kan det oppstå råker og sprekkar - så om ein er på ski eller på annan måte ferdast på islagte vatn må ein passe på.
Isvarsel
På Varsom.no kan ein både få isvarsel og lese viktige huskereglar for den som skal ferdast på is. Isvarsling på Varsom.no finn du her.
På regulerte vatn er faren for usikker is større enn på vatn som ikkje er regulerte. Her finn du meir informasjon om is og regulerte vatn.