Alt klart for påskemøte i Sæbyggjen mellom Valle kommune og hyttefolket

Onsdag 1. april klokka 10-11 skipar Valle kommune til det årvisse påskemøtet med hyttefolket. Eit tettpakka program ventar.

Onsdag 1. april skipar Valle kommune til påskemøte med hyttefolket i Sæbyggjen klokka 10-11. Her frå eit tidlegare påskemøte. Ole Birger Lien

Ordførar Lars Tarald Myrum tar imot i Sæbyggjen. Frå kommunen kjem elles også representantar for administrasjon, teknisk eining og helse.

Næringsliv og hjelpekorps

Frå Brokke AS kjem det informasjon om aktivitetar og planar. Bjørnevatn løypelag er med, og Vennesla Røde Korps hjelpekorps, som er i sving i Brokke i påska, tar turen. Politiet er klar, og fortel om beredskap og anna relevant, og helsetenesta tar for seg helseapparatet som skal handtere behovet til både fastbuande og tilreisande. Elles er kyrkja til stades, Norsk Folkehjelp Setesdal kjem - i det store og heile er dei fleste relevante aktørar på plass.

Mange tema

Av tema som blir aktuelle er alt frå kva har skjedd sidan sist påskemøte til informasjon om løyper, arrangement i påska, og mykje, mykje meir. I siste del av møtet blir det opna for spørsmål og innspel. Det blir enkel servering i løpet av samankomsten.