Asfaltering i Valle sentrum onsdag 6. mai

Det blir ein del stengte vegar og manuell dirigering i sentrumsområdet i Valle onsdag 6. mai på grunn av asfaltering av FV 3820. Det skal asfalterast frå fontena i sentrum og sørover ned til kring Rikesvegen noko nord for avkøyrsla til Valle skule.

Det skal asfalterast frå fontena i Valle sentrum og sørover til kring Rikesvegen onsdag 6. mai. Ole Birger Lien

Sidevegane som går inn på FV 3820 i sentrumsområdet blir stengt så lenge asfalteringa går føre seg. I krysset ved fontena blir det manuell dirigering for trafikk både sørover og nordover. Arbeidet tar til om morgonen - og det er meininga at alt blir ferdig i løpet av onsdagen.