Ber alle aktørar som har hjartestartar om å legge dei inn i hjartestartarregisteret

Valle kommune minner no alle aktørar som har oppmontert ein hjartestartar ein eller annan stad om også å passe på at maskina er registrert i hjartestartarregisteret. På det viset kan alle som har appen Hjelp 113 sjå kor hjartestartaren er.

Torbjørn Straume i Valle kommune, her framom hjartestartaren som er montert på veggen på kommunehuset, oppmodar alle aktørar med ein slik hjartestartar om å registrere maskina i hjartestartarregisteret. Ole Birger Lien

Valle kommune drifter seks slike hjartestartarar - dei er plassert ved kommunehuset, Valle Bygdeheim, Vallehalli, Esso, brannstasjonen på Rysstad og den nedlagte bensinstasjonen på Rysstad.

– Alle desse er også registrert i hjartestartarregisteret. Så veit me at det også finst andre slike maskinar rundt om i kommunen, og no ber me alle om å sikre at dei blir registrert rett, seier Torbjørn Straume i Valle kommune.

Må oppdatere kvar 6. månad

Alt av registrering i registeret må oppdaterast kvar 6. månad. Det får ein tilsendt ei påminning om. Via appen Hjelp 113 kan ein inn og finne kart over området ein er i, slik at ein kan sjå kor det er plassert hjartestartarar.

– Det seier seg sjølv at det er viktig med tanke på å finne næraste maskin når det verkeleg gjeld, difor håpar eg alle med hjartestartar montert ein eller annan stad no legg dette inn i registeret, seier Torbjørn Straume.

Norsk luftambulanse - alt om hjartestartarar/registrering

Slik finn ein enkelt hjartestartarar som er registrert. Norsk luftambulanse