Britt-Synnøve Johansen til Valle bygdeheim

Onsdag 11. mars kjem songar Britt-Synnøve Johansen og pianist Rasmus Solem til Valle bygdeheim klokka 11 som del av Den kulturelle spaserstokken.

Der byr dei to på ein konsert med songar frå Kveldslys og klassiske tolkningar av Piaf. Det blir garantert ei flott musikalsk oppleving! Det er gratis inngong og ope for alle. Onsdagskaféen opnar som vanleg klokka 10.30.