Brokke-området heilt utan mobildekning i kveld torsdag 26. mars
Brokke-området i Valle kommune er i kveld torsdag 26. mars fullstendig utan mobildekning for alle Telia-kundar og mange kundar i Telenor. Basestasjonen i hytteområdet er ute av funksjon, og det er uklårt kva tid dekninga kjem tilbake.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 26.03.2026 19:22
Sist endra 26.03.2026 19:22
Det raudmerka området i Brokke er heilt utan dekning i kveld torsdag 26. mars.
Telia
Kundar både i Telenor og Telia er altså råka av feilen. Telenor er kjent med saka, og feilsøking har starta opp.
– Me er i dialog med leverandørane, men har ikkje fått noko svar på kva tid feilen er retta opp, seier beredskapskoordinator i Valle kommune, Torbjørn Straume.
Oppdatering i morgon ettermiddag
Frå Telia kjem det i kveld melding om at ein ventar ei oppdatering og status frå verksemda som leverer sjølve internettet til basestasjonen i Brokke, i morgon fredag 27. mars klokka 16.
Heldigvis fungerer framleis naudnettet i Brokke-området. Alle private kundar må likevel vente på mobildekning til feilen er utbetra, eller bevege seg ned mot Rysstad for å kunne bruke telefonane sine.