Byggjer nye Valle kultursenter med "legoklossar"
I desse dagar kjem det stadig nye element på plass i det som skal bli nye Valle kultursenter. Elementa kjem som små “legoklossar” i eit byggjesett.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 07.05.2025 09:37
Sist endra 07.05.2025 09:37

Det er snakk om ulike element i massivtre som no skal på plass i nybygget. Monteringa av massivtre-elementa er i full gang. Det ein har byrja på no er mellom anna veggen mellom ungdomsklubben og bak scena.
– Kvart element er nøyaktig merka og blir heisa på plass, så dette er nesten Lego for vaksne, humrar prosjektleiar Tone Straume Wikeland i Prosjekthuset AS.
Neste veke tar montering av ytterveggselement til - elementa kjem frå Optimera.