Dagsturhytta Lauvåsloptet i Valle har blitt påskedestinasjon!

Med lite snø i fjell og hei ser både fastbuande og tilreisande i Valle kommune seg om etter alternative påskeutflukter. Dagsturhytta Lauvåsloptet i Valle har blitt ein innartiar av ei turrute!

Dagsturhytta Lauvåsloptet i Valle har også blitt ein påskedestinasjon! - Klikk for stort bileteDagsturhytta Lauvåsloptet i Valle har også blitt ein påskedestinasjon! Ole Birger Lien

For der, oppe i lia med utsikt over mykje av Vallebygda, har folk fare langs gamle stiar, i skogsteigar og langs bekkefar, mot ei hytte som blir stadig meir populær. Visst kan ein gå på ski rundt om viss ein finn greie stader - turen frå Valle sentrum til Lauvåsloptet er likevel så tilgjengeleg at mange har nytta sjansen.

Ryddig og fint

Vel oppe ved hytta er det beint fram ei oppleving å sjå eit område så shina og lagt til rette for fine rastepausar. Det er tydeleg at folk respekterer reglane knytta til hytta - av med skoa ute, hald orden inne og ute. Frå hytta er utsikta i seg sjølv ei oppleving, men også uteområdet er flott. Her er rigga for bål, det er nok av benkeplass, og det er utstyr lina opp for den som treng det. Bakgrunnen for dagsturhyttene rundt om i fylket er fleirdelt. Det skal vere rekreasjon og eit fritidstilbod, men det har utan tvil også ein funksjon opp mot folkehelse. Lauvåsloptet i Valle er på ingen måte eit unnatak - og har blitt ei perle. At det no er turt og greitt å fote seg opp, sikrar ein rekordtidleg sesongstart på vårutfarten til området.