Delte ut idrettsstipend for over 200.000 kr.!

Ei heil rekke lokal ungdom i Valle kommune kan sjå fram til klingande mynt i kassa i form av kommunale idrettsstipend. I alt deler Valle kommune no ut over 200.000 kr.

Aron Åkre Rysstad er ein av mange unge som får idretsstipend av Valle kommune. - Klikk for stort bileteAron Åkre Rysstad er ein av mange unge som får idretsstipend av Valle kommune.

Kostnaden til slike stipend er eit av dei områda der ein kommune skal vere takksam viss det blir dyrt. Det betyr at det finst mange lokale talent, og i Valle kommune er det namn på namn med unge menneske som alt har oppnådd mykje! Med litt økonomisk drahjelp kan dei no satse vidare.

 

 

 

 

Her er oversikta:

Aron Åkre Rysstad (24), langrenn, 35.000 kr.

Elin Uppstad (24), langrenn, 35.000 kr.

Synne Åkre (24), lydigheit hund, 20.000 kr.

Heidi Marie S. Kyrvestad (20), hestesport, 20.000 kr.

Bjørn Viki (22), snøskotersport, 20.000 kr.

Hanne Nomeland (24), hestesport, 15.000 kr.

Aleksander Straume (18), langrenn, 15.000 kr.

Hege Viki (16), snøskotersport, 15.000 kr.

Hauk Rysstad (15), langrenn, 15.000 kr.

Victoria Straume (13), langrenn, 15.000 kr.