Det nærmar seg storopning av nye Valle kultursenter!
Som me har skrive om tidlegare så er det sett ned ei ressursgruppe med folk frå Valle kommune og det friviljuge bygdelivet som saman skal forme opningshelga for nye Valle kultursenter 17.- 19. april. At folk i bygd og grend har ei storhending i vente, det er garantert!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 08.04.2026 14:34
Sist endra 08.04.2026 14:34
Nye Valle kultursenter opnar helga 17.- 19. april.
Ole Birger Lien
Heile helga blir ein einaste stor fest for kulturbygget, bygdelivet og alt det ein kan tenke seg av aktivitetar og sprell. På programmet til no kan ein nemne mellom anna føropning av ungdomsklubb med pool party og DJ, kunstavdukingar, konsertar, festarrangement og ikkje minst Barnas dag. Så er også Valle sparebank med - verksemda skal markere 160-årsjubileum som del av den store festhelga. Dette og mykje meir utgjer ei kulturell helg av dei sjeldne!
Breitt samarbeid
I gruppa som samarbeider med Valle kommune om opningsfesten sit det folk frå Folkeakademiet Valle, Setesdal Spelemannslag, bygdekvinnelaga i Valle og Hylestad, Valle radio, Bykle og Valle kunstlag og FAU.
Ingen skal gå svoltne heim!
Laurdag vankar det heimelaga lapskaus og braud på store og små - det er bådekvinnelaga både i Valle og Hylestad som står bak godsakene, og det er Valle kommune som spanderer! Sundag diskar dei opp med lappar og saft. I tillegg blir det kaffi og kake, så ingen skal gå svoltne heim denne helga!