Det skal hoggast i Leite sør frå i dag - ber forbipasserande fylgje med
Det vil bli utført hogst på ei tomt i Leite, i direkte nærleik til turstien opp til dagsturhytta Lauvåsloptet. Hogstarbeidet startar i dag. Området blir merkt og dei som kjem forbi blir oppmoda om å vere varsame og om nødvendig gå rundt. Det kan òg bli styving/hogst i retning mot stien.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 09.04.2026 10:02
Sist endra 09.04.2026 10:02
Torbjørn Straume
Ny tursti blir etablert slik det er merka på kartet. Stien må ryddast noko før han blir offisielt teken i bruk. I mellomtida er altså det viktigaste at ein fylgjer litt med på veg forbi hogstområdet.