Eit djupdykk i folkemusikkarkivet på Setesdalsmuseet
Førstkomande torsdag 23. april klokka 18 inviterer Setesdalsmuseet og Agder Folkemusikkarkiv til eit djupdykk i folkemusikkarkivet på Setesdalsmuseet på Rysstad.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 20.04.2026 12:54
Sist endra 20.04.2026 12:54
Ole Birger Lien
Utvalde klipp vil gje eit innblikk i musikkarv, historiar og tradisjonar i Agder. Publikum får høyre ein del materiale som sjeldan blir vist fram, presentert av fagfolk som deler kunnskap og bakgrunn undervegs. Kvelden bør difor vere eit godt høve til å få gode samtalar om både musikk- og kulturhistorie.