Endra retningsliner for tildeling av utviklingsstipend innan idrett og kultur

Kvart år deler Valle kommune ut utviklingsstipend til unge talent innan både idrett og kultur. I alt har kommunen sett av 90.000 kr. til dette formålet. No blir målgruppa endra med tanke på alder. Ein skal ikkje lenger dele ut utviklingsstipend til utøvarar i aldersgruppa 13-15 år, men fokusere på gruppa 16-25 år.

Utøvarar frå Valle kommune som har ambisjonar og resultat på høgt nivå, som til dømes karen her, Aron Åkre Rysstad, er aktuelle for kommunalt utviklingsstipend.

Revidering av retningslinjer for tildeling av utviklingsstipend til ungdom innan idrett og kultur er gjort på bestilling frå Levekårutalet, og har sin bakgrunn i utfordringar knytt til vurdering av beløpsnivå sett i forhold til prestasjonsnivå og -utvikling.  

Avgrensar for å treffe betre

Erfaringar viser at ordninga har vore utfordrande å praktisere, særleg når det gjeld å skilje mellom aldersgrupper og gradere tilskot etter prestasjonsnivå. Den nedre aldersgruppa (13–15 år) har vist seg særleg vanskeleg å vurdere, ein avgrensar difor no ordninga til 16-25 år. Det kan delast ut maksimum 45.000 kr. per utøvar, minimum 20.000 kr. Både maksimumbeløp og øvre aldersgrense kan i særlege tilfelle justerast ved deltaking på internasjonalt nivå.

Her kan du lese vurderingskriteria

Her kan du lese meir om ordninga og søke.