Endra trafikkmønster i Setesdal under Color Line Tour laurdag 30. mai

Alle som skal opp eller ned Setesdal langs riksveg 9 laurdag 30. mai må førebu seg på endringar i trafikkmønsteret under sykkelrittet Color Line Tour. Både i Valle og Bygland blir det store mellombelse endringar - og langs vegen den dagen finn ein også ein fylkesordførar og lokale ordførarar pustande og pesande på sykkel oppover mot Hovden!

Colour Line Tour

I Valle vil all nordgåande trafikk bli leia av riksveg 9 og inn til Valle sentrum i perioden frå klokka 11-14. Utkøyrslane vest og nord for Valle til riksvegen vil vere stengde i denne perioden. Det er politiet som tar seg av stenginga. Bare akkrediterte køyretøy får lov til å køyre vidare nordover på riksveg 9 i dette tidsromet. Riksvegen er ikkje stengt i sørgåande retning.

Innkøyring forbode på Ose

Frå klokka 09-14 må bilistar vere merksame på syklistar som kjem over Ose bru og inn på riksvegen. Det er innkøyring forbode på Ose bru frå riksvegen i austleg retning/retning sørover under heile rittet. Det er trafikkdirigentar på staden. På Byglandsfjord blir all nordgåande trafikk leia bort frå riksveg 9 ved rundkøyringa - omkøyringa går på vestsida av fjorden, og kjem ut att på riksveg 9 like nord for Storestraumen. Busstrafikken skal bruke riksvegen, og ikkje køyre vestsida.

Folkevald innsats

For å få til skikkeleg oppslutning frå heiagjengar langs riksveg 9 under rittet er både lokale og regionale folkevalde mobilisert som syklistar. Ordførarlaget startar rittet sitt i Valle klokka 12. Der blir det også barneritt, stort show, bollar og kaffi - med Bjørgulv Sverdrup Lund som speaker.

Dei folkevalde som er klare til start er:

Lars Tarald Myrum - ordførar Valle, Hans Blattmann, ordførar Bykle, Runar Granheim, ordførar Bygland, Tor Kasin, varaordførar Bygland, Morten Haraldstad, ordførar Evje og Hornnes, Inger Lise Lund Stulien, ordførar Åseral, Arne Thomassen, fylkesordførar i Agder, Charlotte Finnestad, varaordførar Kristiansand, Nils Olav Nilsen, ordførar Vennesla (syklar heile distansen) og Alf Erik Andersen, visepresident på Stortinget.