Fagdag om diagnoseuavhengig palliasjon – døden som ein naturleg del av livet
Ressurssjukepleiarnettverket innan palliasjon og kreftomsorg i Agder samla nyleg fagpersonar til ein inspirerande og viktig fagdag. Temaet for dagen var diagnoseuavhengig palliasjon – med særleg fokus på døden som ein naturleg del av livet, og korleis helsepersonell kan bidra til best mogleg livskvalitet for pasientar og pårørande i ei krevjande tid.
Publisert 09.04.2026 13:39
Sist endra 09.04.2026 13:39
Frå fagdagen om diagnoseuavhengig palliasjon.
Valle kommune
Fagdagen baud på eit breitt samansett panel med høg fagleg kompetanse og erfaring. Mellom deltakarane var overlege Helene Engemyr frå lindrande avdeling ved Senter for kreftbehandling i Kristiansand, representantar frå dei lindrande avdelingane i Flekkefjord, Arendal og Kristiansand, kreftkoordinator i Kristiansand kommune, samt helsepersonell frå fleire små og store kommunar i både aust- og vestre del av Agder.
Samhandling mellom kommunane og spesialisthelsetenesta
Blant deltakarane i paneldebatten var Ingvild Loise Lund, som representerte Valle kommune. Ho delte erfaringar frå sitt arbeid innan pleie og omsorg, med særleg vekt på samhandling mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Lund lyfta fram korleis ein i Valle arbeider målretta for å få til gode, heilskaplege palliative pasientforløp – der samarbeid, tidleg innsats og tryggleik for både pasient og pårørande står sentralt. Med over ti års erfaring som ressurssjukepleiar innan kreft og palliasjon, har Lund opparbeidd seg solid kompetanse og eit sterkt engasjement for faget.
Betre lindring
Ho er no i gang med masterstudium i kreftsjukepleie ved Universitetet i Agder, og kombinerer fagleg fordjuping med praktisk erfaring i kvardagen. Fagdagen synte tydeleg kor viktig det er med tett samarbeid på tvers av nivå i helsetenesta, og korleis kompetanse, engasjement og gode relasjonar kan bidra til ei meir verdig og heilskapleg omsorg ved livets slutt.
Solveig B. Kyrvestad