Fastbuande i Valle kommune kan få kjøpt fiskekort til Rosskreppfjorden
Fastbuande i Valle kommune kan få kjøpt fiskekort for garnfiske i Roskreppfjorden.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 25.06.2026 11:04
Sist endra 01.07.2026 11:05
Fastbuande i Valle kommune kan få kjøpt fiskekort for garnfiske i Roskreppfjorden.
Valle kommune
Kortet opnar også for stongfiske, og ein kan fiske med inntil tre garn på eit fiskekort. Den som fiskar med garn må merke det med namn og telefonnummer.
Nøkkel til bommen ved Rosskreppfjorden kan ein hente på Velkomstsenteret i kommunehuset. Ein må ha postadresse i Valle kommune for å få utlevert nøkkel.
Minner om at fiskekortet må vere tinga og betalt før ein henter nøkkel. Det er Statskog SF som sel korta.
Her er meir informasjon.