Faste musikalske aktivitetar i Sæbyggjen
Det blir både musikalske og sosiale onsdagar i Sæbyggjen i Valle fram mot våren.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 27.01.2026 13:57
Sist endra 27.01.2026 13:57

Det blir skipa til både babysong og allsong for vaksne om onsdagar. Babysong er klokka 12.30-13.00, medan vaksne kan gnu på av full hals frå klokka 16.30-17.30. Bak opplegget står Valle kulturskule ved Anna Slaby Driel.