Fleire lét seg lure av Valle kommune sin aprilspøk!
Sjølv om me ikkje har talet er reaksjonane nok til å slå fast at ein del gjekk fem på då Valle kommune la ut aprilspøk om at KI skal overta alt som har med det kommunale sentralbordet å gjere.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 03.04.2026 16:34
Sist endra 03.04.2026 16:34
Marie J. Pedersen i Valle kommune var med på aprilspøken, men blir å treffe på telefon også etter 15. april.
Ole Birger Lien
Me skreiv at frå 15. april overtar KI alle funksjonar i velkomstsenteret i kommunehuset i Valle. Det betyr at frå den dagen er det ikkje kommunalt tilsette men ein chat-robot ein får kontakt med via telefon eller epost.
Måtte registrere seg
Vidare skreiv me at alle som ynskjer chat-konto med Valle kommune må registrere seg via eit eige skjema. Ikkje så få har gjort nettopp det - men dei som gjekk inn på registreringa fekk seg ei overrasking, for der avslørte me at det heile handla om ein aprilspøk.
Dette betyr altså at også etter 15. april i år er det ein triveleg tilsett i Valle kommune du får på tråden når du ringer i opningstida. Utanom ordinær opningstid må du framleis klare deg med telefonsvararen.