Flott 17. mai-feiring i Valle!Lytt til tekstenStopp avspilling17. mai-festen i Valle vart akkurat det alle håpa på - ei strålande feiring der store og små koste seg med alt frå is til folketog! Publisert av Ole Birger Lien Publisert 18.05.2026 12:30 Sist endra 18.05.2026 12:30 Mange fekk 17. mai-feiringa med seg. Martin Nilsen Med tettpakka program, frå skramletog på Rysstad grytidleg om morgonen, biltog til Valle og full pakke gjekk det slag i slag dagen gjennom med feiring der store og små fann saman og koste seg i tidvis veldig fint ver. Med tog og folk oppover også til Valle bygdeheim fekk heile bygda og kommunen ta del i den fine dagen. At NRK filma med drone, og leikarringen på det viset fekk sjarmere heile Noreg - var ein fin prikk over i-en!Mange medOppslutninga 17. mai var som alltid god. Bygdefolk og innflyttarar, tilreisande og nye landsmenn - alle samla dei seg for å feire verdiar og eit samfunn mange nasjonar rundt om i verda kan misunne oss. Så vart det då også frå fleire i talane peika på nettopp det, at i dag skal ein ikkje ta fridom og sjølvstende som ein sjølvsagt ting, men noko ein må kjempe for å bevare. Med ei verd full av uro er det ikkje vanskeleg å seie seg samd i det. Ekstra godt då, at nasjonen, byane, bygd og grend kan samle seg om ein slik flott dag!Det var litt av eit tog som gjekk frå sentrum og sør til Valle kultursenter nasjonaldagen. Kjell Ole Homme Heile landet fekk glimt frå Valle på NRK 17. mai. Skjermbilete Anne Homme Harstad (nærast) og Lene Dale Kjelleberg gjorde ein solid innsats for lyd i toget sør mot kultursenteret! Birgit Homme Harstad Maryna Kylivinyk heldt tale for dagen i Valle. Birgit Homme Harstad Flaggberar var Valle-ordførar Lars Tarald Myrum. Martin Nilsen