Flyfotografering i vår og sommar
Kartverket skal rundt og flyfotografere her i landsdelen i vår og sommar, og alt like etter påske blir det lagt ut kvite firkantar rundt om slik at dei som kjem luftvegen skal kunne ta presise foto.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 16.03.2026 09:32
Sist endra 16.03.2026 09:32
Pers Oppmåling / Kartverket
Dei såkalla fastmerka er altså siktepunkt for dei som skal luftfotografere, det er difor eit poeng at tumlar du over ein kvit firkant så bør du la den ligge i fred! Slike merke er lagt ut også tidlegare, men nye kvalitetskrav gjer at mange av dei merka ein kan finne rundt om i dag ikkje er gode nok.
Privat og offentleg grunn
Matrikkellova gjev landmålarar rett til såkalla signalering, altså å plassere ut slike kvite firkantar, både på privat og offentleg grunn. Det betyr at somme kan få besøk av ein landmålar på sin eigedom. Dei finn fram til fast og flat grunn, ryddar bort eventuell vegetasjon, og set ein spikar i underlaget. Den kvite firkanten skal markere kor spikaren står. Flyet må ha fri sikt til firkanten for å kunne kartleggje området.
Vil du sjå huset ditt frå lufta? Det kan du her: Norge i bilder