Flyktningane boltra seg i biljardklubben!

Nyleg baud biljardklubben i Valle flyktningane inn til leik og moro i lokala sine i Valle sentrum - og responsen var god. Biljard, spel og fine samtalar gav ein god dag i ein biljardklubb med stadig meir oppslutning!

Den skal tidleg krøkast! Anton Horelnikov fekk prøve seg på eit greitt tilpassa biljardbord! Alle foto: Birgit Homme Harstad

Biljardklubben har etablert seg i lokala der Joker låg tidlegare, på “Sverre” for dei av oss som er vaksne. Stadig fleire unge møtest der for biljard, ulike spel eller bare for å “henge”. 

Fekk orientering

Då flyktningane kom stod Jan Roger Homme klar for å informere litt om korleis klubben fungerer, korleis ein blir medlem og dessutan korleis ein kan kome på såkalla “drop in”. Etter orienteringa fekk sjølvsagt alle som ville det prøve å spele biljard - og om kulene hamna rett eller feil, stemninga var god uansett!

Alle velkomne

Samankomsten for flyktningane i Valle biljardklubb viste til fulle det dei som står bak klubben har hatt som mål heile vegen, her skal det vere rom for alle! Ingen treng å vere biljardproff for å kome, her skal ein bare treffast og ha det moro. Så har du ledig tid og har lyst til å teste dette ut er i alle fall eitt sikkert - i biljardklubben i Valle er du velkomen!

Oleksandr Chiebieniev viste lovande takter!Maksym Vlasiuk i sving i biljardklubben i Valle.