Folk bør halde seg inne mellom klokka 16-18 i morgon sundag ettermiddag!

Med ekstremveret frå stormen Dave på veg mot Rogaland og Agder, viser prognosene at det kan bli så mykje som 30 m/s vind i Valle kommune i morgon sundag 5. april mellom klokka 16-18.

– I den perioden er det inga tvil om at det beste er å halde seg inne, om ein no er heime eller på hytta, seier beredskapskoordinator i Valle kommune, Torbjørn Straume.

Beredskapskoordinator i Valle kommune, Torbjørn Straume, oppmodar alle om å halde seg innomhus i morgon mellom klokka 16-18. Då tyder prognosene på vind opp i 30 sekundmeter. Ole Birger Lien

Sjølv om vind og nedbør etter prognosene å døme skal bli endå verre nede mot kysten, er 30 sekundmeter vind uvanleg mykje.

– Difor oppmodar me no også alle til å bruke tida før uveret set inn til å rydde bort ting som står laust heime. Hagemøblar, grillar, ski og elles alt som kan bli teke av vinden og skape farlege situasjonar, seier Straume.

Han legg til at Valle kommune fylgjer situasjonen fortløpande, og vil kome med meir og oppdatert informasjon viss det blir aktuelt.

Lad bilar og mobiltelefonar!

Med så mykje vind som er meldt, er heller ikkje tanken om potensielle straumbrot langt unna. Det kan difor vere lurt at alle som kan ladar opp det som bør ladast opp før uveret slår til. Bilar, mobiltelefonar osb - for å vere betre rusta viss straumen skulle bli borte.

Planlegg heimturen godt!

Med ekstremver i vente er det også ei oppmoding til alle som har vitja Setesdal i påska, om å planleggje heimturen godt. Det er det tydeleg at mange har gjort - i dag laurdag har det vore ein jamn straum av bilar nedover riksveg 9 mot kysten.