Folketalsauke i Valle kommune

Statistisk Sentralbyrå har kome med statistikk for folketalet i Noreg etter 4. kvartal. Fasit for Valle kommune er ein folketalsauke på 4, til 1209.

Valle-ordførar Lars Tarald Myrum gler seg over at folketalet i Valle kommune stadig aukar. Ole Birger Lien

I Setesdal sett under eitt bur det no 7275 menneske. Det er ein netto auke på 41 siste kvartal. 

– Det er gledeleg at folketalet aukar for kvar registrering. Me må bare arbeide vidare me dei grepa me har tru på. Politisk ynskjer me å stø næringslivet, slik at det kan bli skapt arbeidsplassar, og me ynskjer å satse på ein offensiv bustadpolitikk så det skal vere nok av areal når det trengst, seier Valle-ordførar Lars Tarald Myrum.