Nye Valle kultursenter har beint og greitt blitt eit praktbygg!
Ole Birger Lien
I biletkavalkaden i denne saka kan ein sjå glimt av somme av dei involverte, og alt som gjekk føre seg. Så er det godt at dei fleste deltok på opninga, for bilete aleine kan ikkje vise kor flott dette vart!
Mange med
Det skal ein solid innsats til for å skipe til ei opningshelg som den me akkurat har lagt bak oss. I Valle kommune var svært mange involvert, alt frå kultureininga til teknisk, og ikkje minst kulturskulen. Det frivillige bygdelivet fekk også travle dagar før og under opningsfesten, med alt frå bygdekvinnelaga til spelemannslag, folkeakademi og andre i sving både i planlegging og gjennomføring. Så er det flott å sjå at sjølv om det har vore ein hektisk innspurt, så fungerte alt akkurat som det skulle då det skulle!
Bygget fekk god respons
Nye Valle kultursenter er eit bygg der det nye, og det renoverte, glir saman i eit praktbygg. Og det må vere lov å konkludere med at folk gav seg ende over både av storsal, ungdomsklubb og alt det andre som no er del av den nye kulturbastionen. Valle-ordførar Lars Tarald Myrum peika nettopp på dette i opningstalen sin, at her er kultur og idrettshall bunde saman til eit skikkeleg kraftsenter!
– Startskotet går no, aktiviteten skal fylle bygget kvar dag året rundt, vart det sagt av fleire.
Mykje omtale i media
Dei fleste avisene i landsdelen hadde også fått med seg storopninga, og det kom fleire flotte oppslag frå opningsfesten. Under finn du lenke til artiklane.
Fvn
NRK Sør
Agderposten
Setesdølen