Forbod mot røyking på leikeplassar og utandørs idrettsområde frå 1. januar 2026
Frå 1. januar 2026 er det forbode å røykje på alle leikeplassar og utandørs idrettsområde som er opne for allmenta. Forbodet gjeld òg bruk av e-sigaretter og vape. Målet er å verne barn og unge mot passiv røyking.
Kommunen og Statsforvaltaren skal føre tilsyn med at reglane blir følgde.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 09.03.2026 09:29
Sist endra 09.03.2026 09:29
Pixabay
Forbodet gjeld på leikeplassar der alle kan ferdast. Ein leikeplass er eit område – opparbeidd eller naturleg – som er tilrettelagt for barns leik.
Leikeplassar som ikkje er omfatta av forbodet: Leikeplassar som berre er for ei avgrensa gruppe, til dømes burettslag og sameige, dersom området er tydeleg merkt som privat (med skilt, gjerde eller liknande).
Utandørs idrettsområde
Røykjeforbodet gjeld på område som er opparbeidd eller tilpassa for idrett. Det gjeld mellom anna:
- fotballbanar
- friidrettsanlegg
- basketballbanar
- tribuner og sideliner
- utandørs garderobar og område der utøvarar gjer seg klare
Områda skal vere røykfrie òg når dei blir brukte til andre formål, som konsertar eller markeringar.
Idrettsområde som ikkje er omfatta:
- parkar og byrom som berre er meinte som felles uteområde
- fleirbruksområde som turstiar, terrengløp, skiløyper eller frisbeegolf
Helsedirektoratet kan kontaktast for spørsmål om regelverket.