Foredrag om Holum-funnet utsett til 12. januar

Ein junidag i 2023 vart det gjort eit spennande arkeologisk funn i Tveitebø i Valle, av ein grunneigar som skulle renovere huset sitt frå 1740. I Sæbyggjen torsdag 4. desember klokka 19 skulle det vere foredrag om funnet - no er arrangementet utsett til måndag 12. januar klokka 19.

Foredraget i Sæbyggen skulle ta for seg historia om funnet frå “alarmen” gjekk til dei siste jordmassane vart undersøkte. 

Om lokalsamfunnet

Ein skulle også sjå nærare på kva det tilfeldige funnet kan fortelje om lokalsamfunnet, jernressursane i Setesdal og gravskikkane i vikingtida. Så må altså alle som hadde belaga seg på å møte i Sæbyggjen no førstkomande torsdag vente til måndag 12. januar klokka 19.