Foredraget i Sæbyggjen om Holum-funnet i kveld er utsett til 12. januar
Ein junidag i 2023 vart det gjort eit spennande arkeologisk funn i Tveitebø i Valle, av ein grunneigar som skulle renovere huset sitt frå 1740. I Sæbyggjen i kveld torsdag 4. desember klokka 19 skulle det vere foredrag om funnet - no er arrangementet utsett til måndag 12. januar klokka 19.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 04.12.2025 08:45
Sist endra 04.12.2025 08:45

Foredraget i Sæbyggen skulle ta for seg historia om funnet frå “alarmen” gjekk til dei siste jordmassane vart undersøkte.
Om lokalsamfunnet
Ein skulle også sjå nærare på kva det tilfeldige funnet kan fortelje om lokalsamfunnet, jernressursane i Setesdal og gravskikkane i vikingtida. Så må altså alle som hadde belaga seg på å møte i Sæbyggjen i kveld vente til måndag 12. januar klokka 19.