Frå biljard til interkommunalt samarbeid i kommunestyret i Valle

Dei folkevalde handsama ei rekke saker under kommunestyremøtet i Valle torsdag 26. mars.

Frå kommunestyremøtet i Valle onsdag før påske. Ole Birger Lien

Etter ei orientering frå Setesdal miljø og gjennvinning IKS ved dagleg leiar Svend Åge Petersen og SYR-prosjektet ved prosjektleiar Sunniva Sutestad tok sjølve det politiske møtet til.

Kommunestyret gjekk mellom anna inn for å utgreie eit beredskapslager for sårbare grupper, gje 361. 000 kr. i tilskot til oppgradering av lokala Valle Biljardforeining leiger i det gamle Joker-bygget, i tråd med konseptplan for vidareutvikling av lokalet og å slutte seg til «Grunnavtale om styrkt interkommunalt samarbeid i region Setesdal».

Her er lenke til møteprotokollen.