Frå ENØK-tilskot til utviding av Møykjeromet i Valle kommunestyre
Dei folkevalde i Valle kommunestyre fekk ei heil rekke saker på bordet under møtet torsdag 26. februar.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 02.03.2026 09:58
Sist endra 02.03.2026 09:58
Frå kommunestyremøtet i Valle sist veke.
Ole Birger Lien
Før dei folkevalde kom i gang med handsaming av saker var det ein grundig gjennomgang av konsesjonskraftordninga ved dagleg leiar Torbjørn Haugen. I to timar teikna og forklarte han om eit komplisert og omfattande system som er med på å sikre inntekter som naturleg nok er svært viktige for kommunen.
Frå ENØK til Møykjeromet
Av politiske saker dei folkevalde fekk på bordet var alt frå ENØK-tilskot for næringsliv, foreiningar og lag - vidareføring av ordning til framtidsretta eldreomsorg og buformer i Valle kommune, utviding av Møykjeromet og ny felles eigarstrategi - Å Energi AS.
Her kan du lese protokollen frå møtet.