Frå opningsfest til busetting av flyktningar på kommunestyremøtet i Valle sist veke

Etter ei orientering om datasenter handterte dei folkevalde i Valle kommunestyre ei rekke saker i kommunestyresalen torsdag i sist veke.

Kommunestyret i Valle handsama ei rekke saker sist torsdag. Her frå eit tidlegare møte. Ole Birger Lien

På bordet kom alt frå spørsmål om busetting av flyktningar til finansiering av opningshelg for nye Valle kultursenter, forebyggjing av ungt utanforskap og finansreglement for Valle kommune.

Her kan du lese protokollen frå møtet.