Frå råull til utsmykning i nye Valle kultursenter - og lokale skuleelevar står i spissen!

Nyleg gjennomførte elevar på mellomsteget ved Valle skule eit tverrfagleg kunst- og berekraftsprosjekt i samarbeid med Flokk & Fjell. Prosjektet er ein del av arbeidet med den tekstile utsmykkinga som skal få ein synleg og identitetsskapande plass i inngangspartiet til det nye kulturhuset i Valle. Råmaterialet til det heile er ull frå lokal Valle-sau!

Sigurd Haugeland Omnes (t.v.) og Sasja Kylivnyk i full gang med karding av ulla. Ole Birger Lien

Det er sauebonde Oddbjørn Heiland som har levert alle ulldottane som må til for å skape utsmykninga. Dette har gjeve prosjektet ei sterk lokal forankring, og lyftar fram ressursane, landbruket og handtverkstradisjonane som står så sterkt i bygda. Ikkje minst er grepet med å la unge kunstnarar på Valle skule utfolde seg noko som vil prege det nye praktbygget både bokstaveleg og meir overordna i tiåra som kjem!

To innhaldsrike dagar 

To dagar tidleg i denne månaden var Flokk & Fjell, ved Erik og Annemieke Koopmans, på Valle skule for å halde workshop. Elevane fekk lære heile prosessen frå råull til ferdige tekstile uttrykk: sortering, vasking, karding, plantefarging og toving. Skulen og Kultur og fritid stilte med tre ekstra vaksne, slik at kvar gruppe fekk god oppfylging gjennom heile arbeidet. Tysdagen starta med introduksjon, tryggleiksgjennomgang og sortering av den lokale ulla. Elevane vaska, skylte og hang ull til tørk før dei gjekk vidare til karding og første runde med plantefarging inspirert av naturfargar frå fjell, skog og vegetasjon i Valle.  Onsdag blei farginga fullført før elevane fekk arbeide med toving. Dei bygde opp og forma sine eigne små tekstillappar, som seinare skal bli del av den samla utsmykkinga i kulturhuset. 

Frå elevhender til kunstverk i kulturhuset 

Tekstillappane elevane har laga, blir sette saman til ei større utsmykking av Flokk & Fjell. Naturulla frå lokale sauer har både estetiske og funksjonelle eigenskapar: ho dempar støy og skapar ei roleg klang i inngangspartiet. Fargane speglar naturen rundt oss, og teksturen gir eit varmt og inviterande uttrykk. Prosjektet gir elevane innsikt i berekraftig ressursbruk, tradisjonelle handtverk og lokal kulturarv. Det at dei får skape noko som får ein varig plass i lokalsamfunnet, gir både meistring, fellesskap og eit sterkare band til heimstaden. Utsmykkinga blir difor meir enn eit kunstverk – den blir eit uttrykk for samarbeid, identitet, natur og læring på tvers av generasjonar!

Og ikkje gløym: nye Valle kultursenter opnar med stor festhelg om ei veke, 17.- 19. april!

Av Isabel Eriksson