Friluftsseminar for kommunar, friluftsråd og friviljuge organisasjonar
Agder fylkeskommune, Midt-Agder friluftsråd, DNT Sør, FNF Agder og Kristiansand kommune skipar til friluftsseminar 4. mai. Målgruppa er sakshandsamarar i kommunane, friluftsråd, friviljuge organisasjonar og andre interesserte.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 10.03.2026 10:33
Sist endra 10.03.2026 10:33
Agder fylkeskommune
Seminaret tar til klokka 08.30 - og det er oppmøte i fylkeshuset i Kristansand. Av tema er mellom anna Friluftslivets år 2025 er over - korleis halde oppe trøkket? 2026 er Totalforsvarsåret - kva betyr friluftsliv i ein slik samanheng? Ein får vite meir om “Læring i friluft”, eit nytt prosjekt retta mot skulane, og regional og kommunal kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde, for å nemne nokre av punkta i seminaret.
Befaring og middag
Frå klokka 15.00-18.00 er det befaring ved Marvika med oppmøte i Bertesbukta. Det blir også servert middag i løpet av den siste bolken. For dei som skal ha med seg befaringa, er det lurt å ha med greie turklede.
Det er påmelding innan 27. april via nettsida til Agder fylkeskommune her
Seminaret er gratis - men manglande oppmøte etter påmelding kan medføre fakturering på 400 kr. Har ein spørsmål kan desse rettast til Bård Andreas Lassen på bard.andreas.lassen@agderfk.no eller tlf 99640739.