Full rulle med "Baking på SFO" i Valle
Ein dag i veka i fem-seks veker kvar haust har elevar i 5.-7. klasse ved Valle skule valfaget “Baking på SFO”. Når det er bakedag stiller skuleelevane som hjelparar for dei små bakarane i SFO og kvar tysdag i haust har 12 born i SFO verkeleg fått dreis på steikinga!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 22.12.2025 12:29
Sist endra 22.12.2025 12:29
Full rulle! Frå venstre: Oliver Botn, Anlaug Madsen Helle, Ingebjørg Madsen Helle, Vilja Slaby Driel, Aslaug Madsen Helle og Othelia Falkelid.
Valle SFO
3.- og 4. klassingane på skulen har sjølv stått for steikinga, medan SFO altså får hjelp av dei noko eldre elevane. Det har handla om Hardangerkaker i bakekjellaren, og alle borna kjem med eigen kjevle, forkle og kjøkkenhandkle.
– Så lærer dei å kjevle, bruke fløyg og steike på takke. Dette er eit sers populært tilbod, stemninga rundt bakstreborda er ypperleg, slår SFO-leiar Ingunn Bratteland fast.
Har opna “kafé”
Somme av borna på SFO har laga seg sin eigen “kafé”, der andre born må lage seg leikepengar for å få kjøpt seg ein smak av godsakene. Ein del av baksten finn utan tvil også vegen heim, så her sit mang ein takksam foreldre eller sysken rundt om i Valle og Hylestad med vatn i munnen og kan knapt vente på bakstredagane!
– Mange stikk nasen innom bare fordi lukta spreier seg i heile bygget. Etter bakstreperioden i fjor vart det laga ein artikkel om oss på nettsida som heiter “Nettverket! For SFO”, det var veldig stas. Det var visst ein av dei mest leste artiklane også, så det var gama, smiler SFO-leiar og bakstresjef Ingunn Bratteland.
Nina Brottveit Kjelleberg med full kontroll på kjevlen!
Valle SFO