Full rulle med Valle-elevar til Bokslukarprisen i Oslo!

Det vart ei stor oppleving då elevar i 6. klasse ved Valle skule reiste til Oslo nyleg for å vere med på utdelinga av “Bokslukarprisen”. I løpet av innhaldsrike dagar fekk dei sjå mykje spennande.

Valle-elevar ved Max Manus-statuen i Oslo. Frå venstre: Ola Retterholt Hovet, Malene Rike, Ellie Brokke, Trym Voldseth, Audny Djuvik- Lillekvelland, Lisbet Brottveit Homme. Bak frå venstre er Daniel Haugå Løyland, Ghassan Almijan og Knut Hasla Myrum. - Klikk for stort bileteValle-elevar ved Max Manus-statuen i Oslo. Frå venstre: Ola Retterholt Hovet, Malene Rike, Ellie Brokke, Trym Voldseth, Audny Djuvik- Lillekvelland, Lisbet Brottveit Homme. Bak frå venstre er Daniel Haugå Løyland, Ghassan Almijan og Knut Hasla Myrum. Tora Åkre Lund

Bakgrunnen for at elevane frå Valle skule reiste til Oslo er at 6. klasse vart trekt ut som ein av i alt ni skuleklassar, såkalla juryklassar, i lesekampanjen “Bokslukarprisen”. Boka som til slutt skulle få prisen skal lesast av meir enn 120.000 elevar landet rundt.

Har lese over 1000 sider

Valle skule sin 6. klasse har lese over 1000 sider - og drive med både frilesing og høgtlesing, som del av opplegget. I Oslo fekk dei delta på det store arrangementet der prisen vart delt ut - og vinnarbok vart Valle-klassen si favorittbok, Max Manus! I løpet av turen var elevane også innom Kon Tiki-museet - og dei hadde hatt skriveprosjekt om Thor Heyerdahl sitt liv og virke som førebuing.

– Dette var ein svært vellukka tur, eg trur alle var nøgde. Så må eg få rette ei stor takk til dei som hjelpte oss med finansieringa, bruktbutikken, Valle sparebank, Valle Bygdekvinnelag, Hylestad Bygdekvinnelag, Hasla og ikkje minst alle som gav pant, seier lærar Tora Åkre Lund.

Trym Voldseth (t.v.) og Knut Hasla Myrum på første rad før intervju av forfattar Nina Borge. - Klikk for stort bileteTrym Voldseth (t.v.) og Knut Hasla Myrum på første rad før intervju av forfattar Nina Borge. Tora Åkre Lund Frå utdelinga av Bokslukarprisen. - Klikk for stort bileteFrå utdelinga av Bokslukarprisen. Tora Åkre Lund