Fv. 450 i Edsborgkleivane heilt stengt frå 13. april til 31. mai

Snart startar Telemark fylkeskommune opp vegarbeid på Fv. 450 i Edsborgkleivane i liene over Dalen i Telemark, og vegen blir stengt frå 13. april.

Statens vegvesen

Vegen opnar truleg ikkje att før 31. mai. Så er ikkje datoane endeleg spikra, og skulle det kome endringar kjem me tilbake med oppdateringar på det.

Delvis open

I perioden 1. juni til 3. juli er vegen delvis open. Kvar natt frå klokka 20 om kvelden til 08.30 om morgonen og måndag til torsdag frå 14.30 til 16. I denne perioden skal vegen også vere helgeopen frå torsdagar klokka 16 til måndagane klokka 08.30.

I fellesferien frå 3. juli til 2. august er vegen open for vanleg ferdsle.