Ole Birger Lien
Etter at ordførar Lars Tarald Myrum ønskte velkomen, fekk deltakarane ein brei gjennomgang av status og førebuingar frå sentrale aktørar før påske.
Helse og beredskap
Helsetenestene i Valle og Bykle er godt rusta for stor pågang i feriar og helgar. Det er døgnkontinuerleg legevakt, ambulanse i beredskap og tannlegevakt på dagtid. Ved akutte hendingar kan legevakta kople direkte til døgnvakt i Valle.
Frivillige aktørar som Norsk Folkehjelp og Røde Kors er viktige støttespelarar i beredskapen, i tett samspel med nødetatane.
Frivillige redningsressursar
Røde Kors Hjelpekorps har vintervakter frå romjula til etter påske og bidreg med mellom anna hjartestartarar i området. Dei oppmodar om bruk av 113-appen og Varsom.no.
Norsk Folkehjelp Setesdal er i vekst og arbeider for å etablere beredskapsambulanse i regionen.
Løyper og vinterdrift
Bjørnevatn løypelag melde om ein krevjande vinter med tekniske utfordringar, men klarte likevel å halde oppe eit godt tilbod. Om lag fire mil med preparerte løyper var klare til påske. Ny løypekøyrar og betre maskinpark er på plass før neste sesong.
Reiseliv og aktivitet
Brokke Alpinsenter rapporterer om ein sterk sesong, med god bruk av både alpinanlegg og langrennsløyper. Påskeprogrammet baud på aktivitetar og arrangement for både små og store.
Senteret planlegg investeringar, mellom anna i straumkapasitet for snøproduksjon, og vil vidareutvikle tilbodet for sommar og heilårsdrift. Tryggleik har høg prioritet, og tiltak er sette inn etter fleire ulukker denne sesongen.
Politi og trafikktryggleik
Agder politidistrikt peika på at folketalet i Setesdal kan auke kraftig i høgtider. Ekstra mannskap vert sett inn, men store avstandar kan gje lang utrykningstid. Politiet samarbeider tett med helse og frivillige, og har særleg merksemd på utsette strekningar.
Lokale tiltak og arrangement
Valle Sparebank informerte om aktiv bruk av gåvefondet og markerer 160-årsjubileum i april.
Til sommaren kjem Landskappleiken til Hovden, med fleire tusen deltakarar og publikummarar venta.
Valle kommune orienterte om arbeid med kommunedelplan for Brokke og fleire delplanar. Samstundes nærmar opninga av Valle kulturhus seg (17.–19. april), som eit viktig løft for bygda.
Presentasjon frå kyrkja i Bykle, Valle og Hylestad (PDF, 4 MB)
Presentasjon frå Valle sparebank (PDF, 3 MB)