Gratis bading i Laugarhalli våren 2026

Torsdagar er det gratis bading i Laugarhalli i Valle utetter våren. Dette gjeld 7. mai, 21.- og 28. mai. Familiebadinga er 16.00-18.30, ungdom/vaksne 18.30-21.00. Same retningsliner for tryggleik og liknande gjeld som elles.

Barn under 12 år kan ikkje bade åleine på familiebadinga, men må vere saman med ein person på minst 16 år som har ansvar for barnet under bading. Barn og unge over 12 år kan bade åleine, og det er då foreldra sitt ansvar at barnet er symjedyktig. Praktiske opplysingar:  Hugs dusj og såpe før bading, maks. 25 i bassenget samtidig, og er det kø er det inntil 30 minutt bassengtid.