Gratis familiebading i Laugarhalli til helga!

Både fredag 24. april og sundag 26. april er det gratis familiebading i Laugarhalli i Valle. Fredag er det bading frå klokka 16-19, sundag frå 10-13.

Barn under 12 år kan ikkje bade åleine på familiebadinga, men må vere saman med ein person på minst 16 år som har ansvar for barnet under bading. Barn og unge over 12 år kan bade åleine, og det er då foreldra sitt ansvar at barnet er symjedyktig. Praktiske opplysingar:  Hugs dusj og såpe før bading, maks. 25 i bassenget samtidig, og er det kø er det inntil 30 minutt bassengtid.

Gratis bading i vår

Også utetter våren er det gratis bading i Valle. Dette gjeld torsdagane 30. april, 7. mai, 21.- og 28. mai. Familiebadinga er 16.00-18.30, ungdom/vaksne 18.30-21.00. Same retningsliner for tryggleik og liknande gjeld som elles.