Gratis strøsand både i Valle og Hylestad
Med is og snø kjem glatte vegar - men også i tunet heime kan det bli risikosport å fote seg. Alle som vil kan hente seg gratis strøsand i både Valle og Hylestad.
Publisert av Ole Birger Lien
Valle kommune gjev ut gratis strøsand. Her frå lageret ved renskeanlegget på Rysstad.
Ole Birger Lien
I Valle er det sand klar på Øyne industriområde, i Hylestad ved renskeanlegget. Så er det eit poeng at det er ikkje meininga at folk kjem og fyller opp hengaren - tanken er at ein fyller ei bøtte eller to slik at ein kan strø i tunet og liknande. Sanden er gratis.