Har du innspel til drift og innhald i det nye kultursenteret i Valle?

Valle kommune ynskjer no innspel frå lag, organisasjonar og folk flest om drift og innhald i nye Valle kultursenter.

Salen i det som blir nye Valle kultursenter

Innspela vil vere med på å danne grunnlag for å lage ein heilskapleg plan for kultursenteret, noko som er ei tinging frå kommunestyret i Valle. 

Kva lurer me på?

Det er mange aktuelle spørsmål me håpar mange har meiningar om. Korleis skal bygget som heilskap driftast? Korleis kan me i fellesskap gjere dette til alle sitt kultursenter? Korleis kan ein legge opp ulike arrangement slik at så mange som råd vil delta og bruke bygget både kvardagar og helger? Korleis kan ein fylle bygget med aktivitetar, og korleis organisere dette? 

– Me håpar at folk seier korleis dei ser for seg bruken av bygget, jo fleire som kjem med sitt jo meir av eit senter for alle blir det, seier leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg. 

Det nye arealet ein ynskjer innspel til omfattar altså sal, scene (flat) og teleskoptribune (kan skuvast heilt inntil veggen), ein liten backstage mellom scene og ungdomslokalet som ligg rett i bakkant av scenen, ungdomslokale med to rom og hems. I tilegg ny inngong med fojae/kaféområde og stort kjøkken. Alle desse roma er på ei flate, med unnatak av hemsen. 

Alle innspel kan sendast til leiar kultur og fritid på epost HER eller ein kan sende i vanleg brev til Valle kommune v/ Kultur, postboks 4, 4746 Valle.

Innsendingsfrist er 1. april.