Heimesida til Valle kommune med stadig meir informasjon folk sjølv kan finne fram til
Det meste av alt frå gjeldande planar til høyringar, reguleringsplanar og andre styringsdokument er å finne for folk flest via heimesida til Valle kommune.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 17.03.2026 09:55
Sist endra 17.03.2026 09:55
Arkivleiar i Valle kommune, Sigrid Uppstad Pedersen, minner om at det på den kommunale heimesida er mykje informasjon å finne for folk flest, med alt frå viktige telefonnummer til planverk, høyringar og liknande.
Ole Birger Lien
– Me ynskjer å gjere det enklare for både folk og næringsliv å finne fram og fylgje med på det som skjer i lokalsamfunnet, seier arkivleiar i Valle kommune, Sigrid Uppstad Pedersen.
Kan finne det meste
I tillegg til informasjon om kommunen finn ein bolkar som “gjeldande planar”, “planar ute på høyring” og “planarbeid som pågår” på heimesida.
– Når ein plan er ute på høyring kan alle kome med innspel, og planarbeid som pågår har ei samla oversikt slik at det er enkelt å fylgje utviklinga. På www.valle.kommune.no kan ein leite seg vidare og finne alt dette og meire til. Viss folk har spørsmål eller treng hjelp så er det bare å kontakte Velkomstsenteret i Valle kommune, så hjelper me gjerne, seier Uppstad Pedersen.