Høgt engasjement på villreinmøtet i Valle

Statsforvaltaren har sett ned seks faggrupper som skal finne fram til ulike tiltak som kan betre forholda for villreinen. No er utkast til tiltaksplanar for Setesdal Austhei og Setesdal Ryfylke villreinområde ferdige og sendt vidare til Klima- og miljødepartementet for vidare handsaming.  Fleire av forslaga er svært inngripande. Både Valle kommune og bygdefolket reagerer sterkt - noko som kom tydeleg fram på villreinmøtet i Sæbyggjen måndag kveld.

Stu fullt i Sæbyggjen under villreinmøtet i Valle måndagskvelden. - Klikk for stort bileteStu fullt i Sæbyggjen under villreinmøtet i Valle måndagskvelden. Ole Birger Lien

Salen var tettpakka, og det lenge før møtet tok til.

– Fleire av forslaga til tiltak er radikale. Her finn ein alt frå å avvikle turrennet Sesilåmi til å stenge Brokke-Suleskarvegen to veker tidlegare, kjøpe opp tomter og hytter i Bjørnevassområdet for å unngå aktivitet, og sette ein stopp for oppattbyggjing av gamle støylsbuer. Vel så alvorleg som desse konkrete endringane er det at ein opnar for ein ny lovheimel som gjev Staten mynde til å oppheve vedtekne reguleringsplanar, ei gruppe vil “sende signal” om at Heieplanen kan settast til side, og ein vil avvikle ordninga som har gjeve rom for å restaurere gamle støylsbuer. Dette er alle forslag me er sterkt kritiske til, sa Valle-ordførar Lars Tarald Myrum då han opna møtet.

Har ikkje vore med i prosessen

Myrum hadde fleire innvendingar mot både prosessen og forslaga til avbøtande tiltak.

– Det har vore ein svært manglande kommunal og lokal medverknad i prosessen. I tillegg har alt saman gått alt for fort. Konsekvensanalysene er mangelfulle, og heller ikkje i tråd med oppdraget. Her trengst mykje meir kunnskap om årsakssamanhengar før ein faktisk kan kome fram til gode tiltak, sa han.

Myrum viste til at til og med Miljødirektoratet vedgår at den knappe tida ein har hatt til å analysere faggrunnlaga bak forslaga til tiltak “begrensar kor detaljerte anbefalingar Miljødirektoratet kan gje”.

– Bare forslag

Frå Statsforvaltaren kom miljøverndirektør Ingunn Løvdal for å svare på kritikken. Ho la ikkje skjul på at prosessen har gått kjapt.

– Så skal det seiast at alt som er sagt her handlar om forslag, ikkje vedtekne tiltak. Villreinen har krevjande forhold, og ein må finne avbøtande tiltak. No skal det arbeidast vidare med forslaga, sa ho.

– Eitt av forslaga går på å kjøpe opp tomter og hytter i Bjørnevassområdet. De seier dette må kompenserast. Kva med konsekvensane av tiltak i resten av heieområda? Kva med redusert tilgang og trivsel, skal det kompenserast? Her tek Staten den rimelegaste løysinga, å la kommunane og bygdefolket betale, meinte ein av mange engasjerte i salen, Olav Hovet.

– Vil de gjere opp for dykk? undra han.

– Det eg kan seie er at i dei tilfella der tiltak gjev grunnlag for kompensasjon vil ein halde seg til vanlege rutinar knytta til dette, sa Løvdal.

– Eg skulle ynskje de ikkje gjorde oss verre enn me er. Det høyrest ut som om Valle kommune har rasert heiane. Me har drive arealforvaltning tufta på eit kommunalt planverk som er forankra i overordna lovverk. Me har vore gode på arealforvaltning! sa tidlegare ordførar Steinar Kyrvestad, og fekk applaus i salen som respons.

Kyrvestad har også tidlegare, som ordførar i Valle kommune, protestert skarpt på eit opplegg der kommunane har hatt lite og ingenting med prosessen å gjere. 

Med frå Oslo

På Teams frå Oslo kom stortingsrepresentant Gro-Anita Mykjåland med i møtet. Ho streka under at ein må halde sterk fokus på saka i prosessen vidare.

– No blir det arbeidd vidare med forslaga, og dette kjem til å ta tid. Me har eit ansvar for villreinen, me har 90% av all villrein, det forpliktar. Så må ein heller ikkje gløyme at ein skal sikre levelege forhold i bygdene også for generasjonane som kjem etter oss, sa Mykjåland.

– Alvorlege konsekvensar

Advokat i Lund & Co, Christi Erichsen Hurlen, representerer Valle kommune i ankesaka som skal opp i lagmannsretten til sommaren. Ho gjekk gjennom dei ulike forslaga til tiltak, og slo fast at fleire av dei vil gripe inn i alt frå eigedomsrett til den kommunale sjølvråderetten.

– Også konsesjonsretten og allemannsretten kjem under press, sa ho.

Erichsen Hurlen streka under at Staten ikkje kan pålegge kommunane å endre vedtekne reguleringsplanar eller kommuneplanar gjennom tiltaksplanen.

– Det vil vere å krevje endring i rettsleg bindande planar, sa advokaten.

Ho meinte at heile prosessen har vore prega av hastverk.

– Og alt på sida av plan- og bygningslovas system, og der kommunane ikkje har fått medvirke, peika ho på.

– Nokon blir “ofra” på vegen

Erichsen Hurlen slo langt på veg fast at i denne prosessen har kommunane sin sjølvråderett blitt “ofra”.

– Det er i tida å vere oppteken av klima og naturmangfald. Lokaldemokratiet og det lokale sjølvstyret er under press, ein del av rettane ein har hatt blir “ofra”. Ingen er usamde i at ein skal ta vare på villreinen, men koste kva det koste vil? Skal det vere bruk og vern, eller avvikling gjennom vern, problematiserte Christi Erichsen Hurlen.

– Informasjon avgjerande

Ordførar Lars Tarald Myrum var svært nøgd med både oppmøtet og engasjementet på møtet.

– Det viser kor viktige område me er inne på, og kor inngripande tiltaka som er føreslegne er. Det heng ikkje på greip at prosessen skal gå vidare nesten uforstyrra av at Miljødirektoratet sjølv vedgår at det har vore for knapp tid til verkeleg å sette seg inn i materien. Alle ynskjer ei sunn villreinstamme, men tiltak utan godt nok kunnskapsgrunnlag er ikkje akseptabelt. Me meiner også at lokalkunnskap må med i biletet. No blir det viktig for oss vidare å informere om status og på det viset auke kunnskapen om situasjonen. Ingen kommune kan sitte stille og sjå den lokale sjølvråderetten forsvinne. Det skal heller ikkje Valle kommune gjere, seier Lars Tarald Myrum.

HER (PDF, 2 MB)finn du advokat Christi Hurlen sin presentasjon frå møtet.

HER (PDF, 5 MB)finn du miljøverndirektør hjå Statsforvaltaren, Ingunn Løvdal sin presentasjon frå møtet.

HER (PDF, 445 kB)finn du ordførar Lars Tarald Myrum sin presentasjon frå møtet.

HER finn du Valle radio sitt opptak av villreinmøtet.