Hugs bandtvang frå 1. april til 15. oktober!
Det er bandtvang i Noreg frå 1. april til 20. august. I Valle kommune er det i tillegg utvida bandtvang frå 20. august til 15. oktober.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 25.03.2026 08:41
Sist endra 25.03.2026 08:41
Pixabay
Bandtvangen er innført for å skjerme husdyr og vilt frå lause hundar. Av og til glepp det, og det har gjennom åra vore fleire uheldige episodar som har gått ut over spesielt sau på beite.
I deler av påska
Difor kan det vere greitt med ei lita påminning om bandtvangen, ikkje minst fordi bandtvangen i år også gjeld deler av påska. I føresegna står det “Eigar eller innehavar av hund i Valle kommune skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i tida frå og med 1. april til og med 15. oktober i heile Valle kommune”.