
Små og store har bruka hausten på å sy saman eit joleleg og musikalsk arrangement som skal sette bygd og grend i jolestemning! Valle vaksenkor vart danna i 2024 og er ryggrada i konserten. Koret har hatt 8 øvingar gjennom hausten og er ein nydeleg gjeng med songglade bygdefolk - og det høyrer med til historien at kormedlemmene i tillegg til øvingar har jobba med musikken også på heimebane!
Tradisjonane
Dyktige musikarar og gryande artistar frå kulturskulen gjer at ein også i år vil merke at konserten ber preg av den unike kulturarva i kommunen. Valle leikarring og kulturskulen jobbar aktivt for å rekruttere og lære vekk tradisjonane, og kanskje fleire kan bli inspirert av å sjå og høyre den immaterielle kulturarva i stev og tonar.
Fin variasjon
I løpet av konserten får ein høyre alt frå “Det hev ei rose sprunge” til stykke som “Når himlen faller ned”, “O helga natt” og “Deilig er jorden”. I tillegg til song blir det både eit møte med ein hardingfele-elev og kulturskuleelevar frå både Valle og Bykle på munnharpe, så dei fleste bør finne noko av interesse i programmet!