Hugs meiropen hall i Valle i helgene!
Fredagar, laurdagar og sundagar er det såkalla meiropen hall i Valle, der ein kan sleppe til langt utanfor ordinære opningstider. Ordninga er svært populær, og krev at folk som nyttar hallen tar ansvar.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 27.02.2026 09:10
Sist endra 27.02.2026 09:10

Fredagar er det frå klokka 15-20 det er ope, laurdagar 08-20 og det same sundagar. Rikeleg med tid til å tumle i hallen altså, med tilgang både til utstyrslager og garderobe. Så er prinsippet at alle skal rydde etter seg - og har nokon slurva er det heller ikkje farleg å rydde etter andre!
Born under 12 år skal vere i fylgje med vaksen.
Teknisk vakt: 97003800