Hugs spørjeundersøkinga om bustadbehovet i Valle kommune!
Kva slag bustader blir det mest behov for i Valle kommune i tiåra som kjem? Er det einebustader, rekkehus, leilegheiter nær sentrum eller anna som er mest aktuelt? Tidlegare denne veka sendte Valle kommune ut ei spørjeundersøking om saka - fristen for å svare er 25. januar klokka 23.59.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 22.01.2026 14:22
Sist endra 22.01.2026 14:22

Målet er at undersøkinga, som vart sendt ut til alle via SMS - men som ein også kan svare på skriftleg viss ein møter i Velkomstsenteret på kommunehuset i Valle, skal nå alle fastbuande over 18 år. Så er håpet at svarprosenten blir så god at dataen som kjem ut frå undersøkinga er representativ.
– Undersøkinga skal sikre at me har så god oversikt som råd over bustadbehovet i åra som kjem. Ei oversikt som dette er heilt avgjerande med tanke på å planlegge for ei framtid med endra samansetning i befolkninga, seier kommunedirektør i Valle, Vidar H. Homme.
– God respons
Henri Tore Viki i Valle kommune sit ikkje på alle tala, men kan fortelje at responsen på undersøkinga til no er god.
– Så håpar me sjølvsagt på endå fleire svar, og med frist 25. januar er det bare tida og vegen. Jo fleire svar me får, jo betre grunnlag har me for ei matnyttig analyse, seier han.
Vil du svare?
HER ER LENKE TIL UNDERSØKINGA
BUSTADPOLITISK PLAN 2024-2032