I år er 17. mai-festen i Valle!

Eit tettpakka program ventar store og små i Valle og Hylestad nasjonaldagen - med feiringa lagt til Valle og mykje liv og leven både i bygda og ikkje minst ved Valle kultursenter! 

17. mai-feiringa i år blir skipa til i Valle, men med mellom anna biltog og skramletog i Hylestad tidleg på dagen. Ole Birger Lien

Frå klokka 07.00 og skramletog frå Eiksenteret på Rysstad går det slag i slag dagen gjennom. Frå Rysstad blir det biloppstilling klokka 10.15, biltoget startar kvarteret seinare. I Valle er det gudsteneste, tale og kransenedleggjing ved Valle kyrkje, før folketoget går sørover til kultursenteret.

NRK sender

Vel framme ved Valle kultursenter tar matsalet til klokka 12.30. Valle leikarring kastar seg ut i det 12.55, og NRK filmar med drone frå klokka 12.59 og i fire minuttar! Leikar og aktivitetar elles tar til klokka 13.00, og festprogrammet i Storstoga går frå klokka 15.00. Ukrainske Maryna Kylivinyk har tale for dagen, Valle kulturskule og Grannelaget har kulturinnslag, og det skal mellom anna utdelast utviklingsstipend innan idrett og kultur ved ordførar Lars Tarald Myrum. Programmet held på til kring klokka 16.00.  Valle radio har sending heile dagen. Også på Valle bygdeheim blir det eige program 17. mai - så dette teknar til å bli ein folkefest der alle skal med!