I sving som ungdomsarbeidar i Valle kommune

Nyleg tok Isabel Eriksson til som ungdomsarbeidar i Valle kommune. 25-åringen, med bakgrunn både som skodespelar og med ei mastergrad innan musikk, gler seg til oppgåvene.

– Eg har blitt sers godt motteken i Valle, og ser alt no at dette er ei stilling ein kan få mykje ut av! Eg skal mellom anna ha ansvaret for ungdomsklubben, men sit også som kontaktperson i ungdomsrådet. Målet mitt er å treffe born og unge der dei er, og så godt som råd tale same språk som dei, seier drammensaren.

Skodespelar i Trondheim

Isabel har prøvd seg på dei skrå bredder som det heiter, både som skodespelar og med musikk i Trondheim. Bakgrunnen kan fort bli matnyttig også i Valle kommune.

– No skal eg først kome i gang med det daglege, så vil eg jo etter kvart prøve å bruke meir av det eg har drive med før i arbeidet. Så langt har eg i alle fall eit veldig godt inntrykk av Valle kommune og dei tilsette i kommunen, så gler eg meg til å bli kjent med born og unge, og bygdefolket elles, seier Isabel Eriksson.