Ikkje køyr bil på plenen ved Valle stadion!
Det har blitt eit problem med bilkøyring på graset ved Valle stadion - Valle kommune minner om at denne køyringa er ulovleg.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 11.05.2026 12:02
Sist endra 11.05.2026 12:02
Valle kommune minner om at det ikkje er lov å køyre bil på planen ved Valle stadion.
Ole Birger Lien
Det har tidlegare vore utfordringar knytta til bilkøyring på plenområdet ved stadion. Det siste året har det rett nok vore mykje trafikk dei fleste stader i området på grunn av byggjinga av nye Valle kultursenter - men no er bygget oppe og ein skal sette i stand plenar og alt som har blitt prega av anleggsperioden. Då er det ekstra viktig at ingen køyrer på graset når området no blir rydda opp i. Parkering er på grusplassen rett nordom stadion.